 |
|
|
Svale er ei lita familieverksemd som held til i Gloppen i Sogn og Fjordane. Vi utviklar gravminne med ny design og alternativ materialbruk. Gründerane er far og son, Oddvar og Ståle Almenning. Dei andre deltakarane i selskapet er også familiemedlemer.
Modellane våre blir teikna av designerar og produsert av dyktige fagfolk både i Norge og Sverige.
Svale kan bety å gjere mildare, lindre, trøyste. Som ein svalande vind på ein varm sommardag, ei mjuk lindring i lengt og sakn, slik vil vi at våre monument skal vere varige, vakre, spesielle og sjeldne.
Svale byggjer no agentnettverk i både Norge og Sverige. Agentnettverket vil for det meste bestå av gravferdsbyrå. Les meir om agentnettverket.
Produktutviklinga pågår kontinuerleg, og sortimentet vårt er under stadig utvikling. Vi er alltid interesserte i nye idéar og design, og høyrer gjerne frå personar som meiner å kunne tilføre oss noko. Ring Ståle på 930 08 980, eller send ein e-post på stale@svale.no.
|
|
|
|
|
 |
|
 |
|