Startside
Gravminne
Designerar
Be om tilbod
Kontakt oss
Minneskåp i eik
Morild
Seraf
Lumina
Lumina med design frå Scandinavian Surface
Lumina med personleg dekor

Kraftig og levande gravminne




Idéen bak minneskåpet er at eika skal endre seg i takt med ver og årstider. Difor er trevirket ubehandla. Materialet som er brukt er norsk kjerneved av eik, som er svært haldbar. Modellen er i utgangspunktet vedlikehaldsfri, og vil over tid få ein vakker sølvgrå farge. Om du ynskjer kan minneskåpet også leverast behandla. Då treng det årleg vedlikehald.

Midt i minnet er det innfelt ei namneplate i stein. denne måler 20X20 cm, og har plass til opptil to namn og datoar.

Bak namneplata skjuler det seg eit privat rom. Her kan ein gøyme både symbolske og fysiske minne. Rommet er skjult for utanforståande, men er lett tilgjengeleg for dei som kjenner til det. Rommet er kledd i rustfritt stål, og kan etter ynske forgyllast med bladgull.

Minneskåpet blir levert i ein storleik, men det er likevel høve til individuell tilpassingar. Fortel oss dine tankar og ynskjer så finn vi saman ei løysing.

> Be om uforpliktande skisser og tilbod
Fakta om
minneskap i eik


Gravminne i tre, med deler i stål og stein og sokkel i stein.
Design: Elisabeth Nossen

Breidde: 60cm
Høgde: 75 cm
Djubde: 20 cm

Vekt: 120 kg
(inkludert sokkel)

Tremonument i kjerneved av eik. Monumentet er samansett av tre solide stokkar som er samankobla med fire skjulte gjennomgåande fjørbelasta stålstenger. Minneskapet kan også leverast i stein.

Innvendig rom i rustfritt stål som kan beleggast med bladgull etter ønske. Stål held namneplata på plass, og hindar vatn i å trenge inn i rommet. Minneskapet kan også leverast utan hemmeleg rom.

Namneplate og sokkel i svart eller grå granitt. Namneplata måler 20X20 cm.
Sokkelen består av to delar. Steinen som er over jorda er fastskrua i trevirket, medan steinen som ligg i jorda kun er synleg kant i kant med graset rundt.

Minneskapet er forskriftsmessig forankra med to 15 cm lange stålstenger.

Minneskapet blir levert ferdig montert på gravplassen. Be om eit uforpliktande tilbod