Startside
Gravminne
Designerar
Be om tilbod
Kontakt oss
Minneskåp i eik
Morild
Seraf
Lumina
Lumina med design frå Scandinavian Surface
Lumina med personleg dekor

Elegant gravminne med gjennomlys

 © Svein Bringsdal






Morild fører den klassiske gravsteinen over i ein ny tid. Steinen er rein og smal. Du kan få den svart og matt eller grå og grov. Det som gjer Morild til eit heilt spesielt gravminne er gjennomlyset. Øverst i steinen er det ei gjennomgåande opning. Her er det plassert eit glas på 17X17 cm som det kan settast tekst eller grafikk på. Glaset blir levert både med og utan farge.Teksten blir gravert og deretter lakka i kvit, svart, sølv eller gullfarge.

Teksten kan og plasserast på sjølve steinen. Kombinér gjerne med dekor i glasflata og tekst på sjølve gravminnet.

Kontakt oss, så sender vi deg ei uforpliktande skisse.
> Be om tilbod her




Fakta om Morild

Gravminne i stein og glas
Designer: Elisabeth Nossen

60 cm høgt
23 cm breidt
10 cm djupt

Opninga er 17X17 cm

Morild blir levert i matt polert granitt eller mørk grå flammebehandla granitt.

Varierte glasteknikkar gjev høve til valfri bruk av tekst, fargar og bilete.

Morild er forskriftsmessig forankra med to 15 cm lange stålstenger mellom gravminnet og tilhøyrande sokkel.

Morild blir levert ferdig montert på gravplassen.


> Be om tilbod