Herda glas med dekor er ein teknikk som gjev fullstendig fridom i forhold til bilde, tekstmengde og opasitet.
Scandinavian Surface har designa to vakre mønster for Svale Lumina. Dekoren har fleire fargevariantar, og kan tilpassast ulike storleikar.
Svale Lumina i herda glas kan også leverast med fri dekor. Vi hjelper deg gjerne med å utforme eit personleg uttrykk, med bilde og fri tekstmengde.
Fakta om Svale Lumina med dekor av Scandinavian Surface
Gravminne i herda glas med dekor.
Lumina blir levert i fire breidder: 40, 50, 60 og 75 cm. Høgda kan variere frå 40 til 150 cm.
Dekoren blir påført på baksida av det herda glaset. Dekoren Frå Scandinavian Surface har to motiv med tilsaman 12 variantar. Motiva varierer mellom tette og transperente fargar.
Skrift kan integrerast i dekoren. Om ekstra namnepåføring er ynskjeleg kan skrifta graverast og lakkast på utsida. Det er også mogleg å montere stålbokstavar på glaset.
Glaset er montert i ei omramming i polert, rustfritt stål. Forankringa er forskriftsmessig i eit stabilt fundament i rustfritt stål.