Fakta om Svale Lumina med personleg dekor
Gravminne i herda glas med dekor.
Design: Svale
Lumina blir levert i fire breidder: 40, 50, 60 og 75 cm. Høgda kan variere frå 40 til 150 cm.
Herda glas med dekor gjev stor fridom til bruk av bilder og fri tekstmengde. Svale kan bistå med utforming av ein personleg design.
Skrift kan integrerast i dekoren. Om ekstra namnepåføring er ynskjeleg kan skrifta graverast og lakkast på utsida. Det er også mogleg å montere stålbokstavar på glaset.
Glaset er montert i ei omramming i polert, rustfritt stål. Forankringa er forskriftsmessig i eit stabilt fundament i rustfritt stål.